Saturday, August 06, 2011

I høve bryllaupsdagen (og alle dei andre)

Eg klarte ikkje skriva ein tale til bryllaupet, men fekk klemt ut eit dikt i staden, and it goes a little like this:

når eg klarar livet utenat
på kryss og tvers og langs
og når eg ikkje klarar nokon ting
og slåss imot min angst,
då er du min

når eg veit at du er det beste eg kunne hatt,
då eg vakna i dag tidleg og når me legg oss att i natt,
då er du min

mange er snille og mange er pene
men du er min kjære vakre vene,
so endelaust blinkande fin,
du er min

eg har kje fine titlar og eg gjer deg ikkje rik
eg er den eg er og du vil visst ha meg slik,
du er min

om dagane vert tunge
og om me får ein unge
og om eg vert so sjuk at eg hostar opp ei lunge,
då er du min

du er min beste grunn til å leva
mellom alt som rauk og brast,
du er tusen sterke nevar som held meg ganske fast,
du er min

når du vekkjer meg med kaffi
og eg vekkjer deg med snork,
når eg ikkje gidd å stå opp fordi allting er eit ork,
då er du min

når me ein gong ser attende på det som skjer i dag
og når me deler ein rullator etter hundre år i lag,
då er du min

når eg får stryka deg i håret
og turka bort ei tåre
og bita deg i øyra mens
eg klyper deg i låret,
då er du min

du er min, du er min
i regn og i vind,
i alt som blæs bort og forsvinn
står du att og ventar på kjærasten din,
du er min

når eg stotrar og tykkjer det er litt vanskeleg
å finna ord som seier kor glad eg er i deg,
då er du min

so lenge du vert elska, so lenge du kjem fyrst,
so lenge eg er god for deg og so lenge du har lyst
er du min

so lenge eg har pust og so lenge eg har vett
vil eg ropa ut til alle at du er min Elisabeth,
du er min

7 kommentarer:

Elisabeth said...

Og du er min:)

Anonymous said...

Så flott Morten.Ja det er din Elisabeth.Men kan vi og få litt del i henne?
Du har så flott ei kone.
Vi har venta så lenge på at du skulle legge dette ut på bloggen din.
Takk for at du gjorde det.
Mamma.

Camilla said...

Jeg synes man skal være takknemlig for det man har! SMØREOST er jo kjempegodt!

Anonymous said...

hundre år siden jeg har vært inne her, og jeg ble overraskende glad(hoppende) da jeg så det var liv i leiren. flott!

Grete said...

Regner med det ble både latter og våte øyne da du leste dette i bryllupet (hvis du gjorde det da). Og det ble det her og :-)

Grete said...

Liker at du skriver nynorsk forresten.

Miriam Elisabeth ツ said...

Så vakket det var!!
Jammen kan du skrive!

Ang kommentaren din hos meg:
Det kom ikke opp noen feilmeldinger. Harddisken lagde pluttselig rare lyder og ville ikke åpne seg på PCn. Brodern min er overmåte data interesert og har sett på han. Hadde det vært et eller anna som gjorde det så kunne han fått tak i bildene mine, men det var et eller anna annet som var feil og da burde man vist overlate det til de profesjonelle som har peiling og kan gjøre det... Skikkelig kjipt! Har mistet alt av bilder jeg har tatt siden 04, både private bilder og fotografibilder.. Skikkelig trist!! Så jeg håper å få spart meg opp til å la de profesjonelle gi meg bildene mine tilbake :) *drømmer om det*